Hold Ctrl-tasten nede (Cmd på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Lytt til tekst
Skriv ut side
Facebook
Lukk

Tips en venn om nettstedet

Din venns e-postadresse
Ditt navn
Din beskjed
(URL til nettstedet blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Send tips

Laget rundt barnet

18.02.2021 | Omtala av Reidar Dale

- Samarbeid til barnets beste

I boka møter vi Hans-Kristian, Henning og Lillian, tre born med utviklingshemmingar. Dei har store samansette funksjonsnedsettingar, med tap av tale-, motoriske og kognitive evner. Forfattaren Herlaug Hjelmbrekke dediserer boka til dei tre. Hans-Kristian og Henning var høvesvis berre 12 og 2 ½ år då dei døydde.

Eg synest tittelen Laget rundt barnet er god, og ikkje minst treffande. Sjølv om det er borna som er midtpunkta i forteljingane, er det likevel alle hjelparane rundt, organiseringa og samarbeidet dei i mellom, forfattaren løftar fram. Her er det laget med stor L som blir heia på. Dette er 3 suksesshistorier om korleis barn med sterk utviklingshemming kan delta i aktivitetar og bli inkludert i ein barnehage- og skulekvardag.

Herlaug Hjelmbrekke er eit nytt kjennskap for meg. Ho er tilsett som seniorrådgjevar i Statped, er utdanna vernepleiar, er cand.polit. med hovudfag i pedagogikk (NTNU), har  vidareutdanning i psykologi (born i sorg og krise) og er sertifisert som Marte Meo-terapeut.   

Denne boka er ei forteljing om ei undersøking - eit kasusstudie - av læringsprosessar rundt tre born. Kva skjedde i denne samarbeidsprosessen? Målet til Hjelmbrekke var å få kunnskap om kva innhaldet i dette samarbeidet i laget rundt barna var, og kva som var typiske særtrekk ved samarbeidet. Viktige sider ved arbeidet hennar - som vi får ta del i gjennom boka - er å skildre kontekst, aktivitetar og oppfatningar som deltakarane hadde i dei tre små kommunane borna budde. Samspel, relasjonar, samarbeid, læring, utvikling og deltaking er sentrale stikkord som er gjeldande for dei tre ulike laga rundt Hans-Kristian, Henning og Lillian.

Det er gjennom stillinga Hjelmbrekke har i Statped at kontakten med borna, familiane og kommunen vart etablert. Metodar som er brukte for å samla inn data er intervju, deltaking på samarbeidsmøte, deltaking i barnehage- og skulekvardagen, samtalar med foreldre og fagfolk og mange videoopptak.

Forfattaren ser på praksisfeltet med teoretiske briller. Ho analyserer og reflekterer over hendingane rundt borna gjennom teori, og det første kapittelet tar oss med inn i det teoretiske rammeverket. Hjelmbrekke støttar seg på eit sosiokulturelt læringssyn. Dette læringssynet byggjer i stor grad på Lev Vygotskij sine teoriar, og forfattaren refererer ofte til han. Sjølv om det er Vygotskij som er hovudkjelda, får lesaren servert mange referansar med endå fleire omgrep, metodar og prosessar som på mange ulike og detaljerte måtar fortel at læring går føre seg i ei samhandling mellom menneske i ein kulturell og historisk kontekst. Etter mitt syn er det for mange omgrep som blir servert i innleiingskapittelet. Når det i tillegg er skrive med ein litt tung akademisk penn, var det fleire avsnitt som måtte lesast fleire gonger før det gav meg meining. Når det er sagt, så fekk eg heldigvis ein del repetisjon utover i boka.

Boka er på 170 sider, og brorparten av dei – naturleg nok - handlar om arbeidet kring borna. Kapittel tre er om Hans-Kristian, kapittel fire om Henning, og det femte og siste er om Lillian. Ein blir ikkje særleg kjend med borna. Rett nok er det samarbeidet om dei som er under lupa, men eg er overtydd om at lesegleda - og kanskje forståinga av det som skjedde rundt dei - hadde vorte betre om eg hadde kjent dei litt meir.

Kven har vore med på laga rundt barna? Svaret er at det er mange, og eg skal ikkje ramsa opp heile lagoppstillinga, men; far og mor, helsesjukepleiar, hjelpepleiar, lærar, pedagog, assistent, rektor, styrar, Statped, fastlege, barne- og ungdomsarbeidar, fysioterapeut, ergoterapeut og medelevar/medbarnehageborn. Her har det vore mange med, og Hjelmbrekke brukar altså teori for å tolka og forstå innhaldet og organiseringa av samarbeidet, den støtta dei har gitt kvarande, dialogen som har vore mellom dei, samspelet, kommunikasjonen, læringa undervegs, relasjonar, openheit og deltaking.

I desse «casane» går det påfallande lett på skjener. Det er ikkje det at det manglar utfordringar i lagarbeidet, men entusiasmen, kreativiteten og ønsket om å lukkast overvinn eventuelle problem som oppstår. Her er det moglegheitene, og ikkje avgrensingane, som gjeld. Det er nok ikkje uvanleg at tverrfagleg samarbeid rundt utsette barn og unge sporar av i kommunal verksemd. Det blir ikkje diskutert i det heile i boka.

Hjelmbrekke kan sin teori, og det som ikkje var så lett å forstå i innleiingskapitlet, gir større meining og forståing når ein koplar på empirien - og vice versa. Det plar vel vera slik. Ho ser som nemnt tidlegare på praksisfeltet med teoretiske briller og brukar teori for å forstå dette tverrfaglege samarbeidet. Det er krevjande å formidla eit slikt studie til ei lesarvennleg i bok, og eg heller nok mot at forfattaren ikkje lukkast heilt med denne øvinga. Det er ikkje det sosiokulturelle læringssynet som er forstyrrande her - heller tvert i mot - men det handlar først og fremst om korleis det blir servert.

I iveren etter å tolka og forstå det som skjer, blir det servert litt for mange teoretiske tilnærmingar, referansar og omgrep som er innpakka i eit i overkant akademisk språk: «Kunnskapen ligg i samfunnet rundt oss og gjennom å ta i bruk kulturgjenstandar og –fenomen lærer vi av deltaking i og samspel med omgivnadane våre.», «…..det autoritative ordet manglar evne til å komme i kontakt med andre stemmer. Det er i kontakt til det overtydande ordet, som er halvt vårt og halvt ein annan sitt og som opnar for ny meining ved at stemmer kjem i kontakt med kvarandre.» Diverre er det litt for mange slike setningar i boka. Og etter mitt syn kling det heller ikkje særleg godt når ein kallar elevar og tilsette for «kommunikasjonspartnarar» som opptrer i «kommunikasjonssfærar». Og til alt overmål skjer dette i deira «livsverden». I tillegg synest eg det er det litt for mange flosklar og klisjear, som t.d. «alt er mogleg», «det opna dører» og «gi-og-ta-dans».      

I svært mange kommunar i Noreg bur det barn med samansette funksjonsnedsettingar. I dei store bur det mange. Alle desse borna har behov for at profesjonar, driftseiningar (t.d. skular og barnehagar) og tilsette samarbeider og legg til rette for at dei skal få oppleva deltaking, å bli inkludert og oppleva å meistra. Sjølv om underteikna ikkje er begeistra for gjennomføringa i boka, er eg på den andre sida imponert over laginnsatsen rundt Hans-Kristian, Henning og Lillian. Her har behova til barna vore utgangspunktet for samarbeidet. Med god organisering, tydeleg koordinering, individelle planar (IP), tydelege roller, pågangsmot og ein vilje til å læra undervegs, fekk desse tre borna den hjelpa dei hadde behov for og krav på.

Forfattaren når målet ho sette seg, og lesarane får vita kva som var typiske særtrekk ved samarbeidet i dei ulike laga rundt borna. Så konklusjonen er at underteikna på mange måtar likte innhaldet, men ikkje heilt måten det vart presentert på. Det er mange som har noko å læra av det som skjedde rundt dei tre borna, så til slutt kan ein seia seg samd i det som står på baksida av boka: Ho er aktuell for utdanningsinstitusjonar og fagfolk knytte opp til barnehage og skule, vernepleie, fysio-/ergoterapi og helse- og barne- og ungdomsarbeid.

Boka er gitt ut på Universitetsforlaget (2020)

Brukerundersøkelse forebygging.no/tidlig innsats
(tar under 1 min)