Evaluering av tilskotsordning for brukar- og pårørandearbeid innan rus- og psykisk helsefeltet
18.12.2019 | Oxford Research
Evalueringa viser at tilskotsordninga gjev viktige bidrag til å styrke drifta til aktørane på feltet, samstundes som den stør opp under viktige aktivitetar på individ-, teneste- og systemnivå.
På vegner av Helsedirektoratet har Oxford Research evaluert tilskotsordninga for brukar- og pårørandearbeid innan rus- og psykisk helsefeltet.
Bakgrunnen for å gjere evalueringa var å slå fast resultat frå prosjekta som hadde fått tilskot, og evaluere om ordninga i heilskap nådde måla som var sett for den. Vidare skulle evalueringa sjå på kriterium for å oppnå måla, krava til rapportering i ordninga, føreslå fleire kriterium som kan føre til at måla blir oppnådd.
Dei viktigaste funna frå evaluering er at tilskotsordninga gjev viktige bidrag til å styrke drifta til aktørane på feltet, samstundes som den stør opp under viktige aktivitetar på individ-, teneste- og systemnivå. Evalueringa kan likevel ikkje estimere omfanget av aktivitetane. I mange høve er det ikkje tilstrekkeleg dokumentert om måla er oppnådd.
Evalueringa konkluderer vidare med at forvaltninga og innrettinga til ordninga er føremålstenleg . Regelverket for ordninga er likevel omfattande og uoversynleg, og det kan vere behov for meir tydelege kriterium for forvaltninga av søknadshandsaming, oppfølging og rapportering.
Tilskotsavdelinga i Helsedirektoratet skal bruke resultata frå rapporten til å utvikle forvaltinga av denne ordninga.
Les hele rapporten >> HER
Sammendraget er hente fra >> helsedirektoratet.no