Innlogging
Hold Ctrl-tasten nede (Cmd på Mac).
Trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.
Lytt til tekst
Skriv ut side
Tips en venn
Lukk

Tips en venn om nettstedet

Din venns e-postadresse
Ditt navn
Din beskjed
(URL til nettstedet blir automatisk lagt inn i e-post meldingen.)

Send tips

Kunnskapsoppsummering: NAV-kontoret og den kommunale barneverntenesta si oppfølging av unge med barnevernserfaring

29.10.2017 | Rapport fra VID- Vitenskapelige høgskole på oppdrag av KS

Samandrag (henta fra kunnskapsoppsummeringa)

Vi har i denne litteraturgjennomgangen skildra eksisterande kunnskap om NAV-kontoret og det kommunale barnevernet si oppfølging av unge med barnevernserfaring, i alderen 18-23 år. Grunnlaget for studien er relevant norsk litteratur, publisert i vitskaplege databasar, nettressursane til NAV og Bufdir, samt publikasjonslistene til forskingsmiljøa FAFO, AFI, og NOVA. Publikasjonane stammar frå tidsromet mellom 2006 og 2016. Totalt fann vi 31 publikasjonar med relevans for vår problemstilling. I tillegg har vi funne støtte i praktisk kunnskap frå feltet, samla i eit erfaringsseminar for fem kommunar/bydelar i juni 2016.

Gjennomgangen av eksisterande litteratur viser at tenestetilbodet for unge med barnevernserfaring er prega av kva organisasjon ungdommane får tenester frå. Vi meiner å ha identifisert ei meir omsorgsbasert og foreldreliknande tenking i barnevernet, medan NAV-kontoret si tenesteutforming ser ut til å vere prega av organisasjonen sitt mandat som tryggleiksnett og eit fokus på aktivering for å oppnå økonomisk sjølvstende. Ungdom sine eigne erfaringar frå overgangen mellom barneverntenesta og NAV-kontoret, peikar i retning av at mange opplever seg ”kasta ut” frå barnevernet og at dei med omfattande og samansette hjelpebehov risikerer ikkje å få tilstrekkeleg hjelp. Det blir også skildra ei oppleving av manglande planlegging og informasjon kring overgangen, og at denne for enkelte opplevast som dramatisk. Fleire ungdommar peikar vidare på at dei har hatt meir behov for hjelp enn kva barneverntenesta og NAV-kontoret kunne tilby. Det kan også sjå ut som om at spørsmål kring medverknad ikkje vert godt nok ivaretekne i denne overgangsprosessen. Når det gjeld kva forhold som er viktige i sjølve overgangen mellom barneverntenesta og NAV-kontoret, har vi dels identifisert eit behov for utarbeiding av rutinar og retningslinjer i arbeidet, men endå viktigare ser det ut til å vere at ungdommen får ein fast kontaktperson i overgangen til vaksenlivet (losmetodikk). Denne kontaktpersonen må ungdommen ha tillit til, vedkomande må vere fleksibel og dessutan kunne vere tilgjengeleg over tid. Det er ikkje tydeleg av litteraturgjennomgangen korleis ein skal plassere denne funksjonen reint organisatorisk, og vi meiner difor det med fordel kan initierast forsking både kring tenesteinnhald og organisasjonsplassering av ein slik losfunksjon.

Det er problematisk å skulle nytte kunnskapen frå denne oppsummeringa til å gi tydelege råd om korleis samarbeidet mellom NAV-kontoret og barneverntenesta BØR vere. Vi meiner likevel at ein kan lyfte diskusjonen om å tydeleggjere barnevernet sitt ansvar i ivaretakinga av det offentlege foreldreskapet også i alderen 18-23 år, og at barneverntenesta ved ein eventuell overgang til NAVkontoret må sikre at ungdommen får den hjelpa vedkomande har behov for. Vidare har vi sett verdi i eit heilskapleg fokus når overføring skal finne stad, som femner tematikk kring bustad, økonomi, 56 psykososiale tilhøve, meistring av kvardagen, utdanning og arbeid. Vi vil også endå ein gong understreke verdien av at den unge får ein kontaktperson som er tilstade i overgangen frå barnevernet til NAV-kontoret. Vi meiner det også vil vere ynskjeleg å diskutere behovet for barnevernfagleg kompetanse på NAV-kontoret for å kunne møte behova til unge med barnevernserfaring i overgangen til vaksenlivet.

Vi hadde eit siste forskingsspørsmål i denne studien, relatert til eksempel på ”best practice” frå kommunane sitt arbeid med overgangen mellom barneverntenesta og NAV-kontoret. Vi vurderer imidlertid at vi her har støtt på det vi vil definere som eit kunnskapshol innanfor denne forskingstematikken. Vi har funne forsking om korleis målgruppa blir fylgt opp av dei respektive tenestene, om korleis tenesteutøvarane i viss grad reflekterer kring samarbeid og overføring, samt at vi også har funne informasjon om grad av rutinar og retningslinjer for arbeidet. Men vi har ikkje klart å identifisere nyare forsking som studerer det praktiske samarbeidet mellom barneverntenesta og NAV-kontoret kring overgangen. Vi har heller ikkje funne eksempel på ”best practice” i den litteraturen vi har gjennomgått. Vi meiner at dette er eit viktig område for vidare forsking.

Ei svak side i denne litteraturgjennomgangen handlar om at vi har funne svært lite forsking som har studert problemstillingar med direkte fokus på kommunalt oppfølgingsarbeid med målgruppa. Vi har dermed søkt etter fragment i forsking som ligg i grenselandet opp mot vårt temaområde, og ofte tatt desse fragmenta ut frå ein spesiell kontekst og plassert dei inn i vår. Dette svekkjer sjølvsagt potensialet for generalisering. Samstundes har vi heile tida halde fokus på målgruppa og dei to organisasjonane si rolle i oppfølginga av unge med barnevernserfaring. Dermed meiner vi at litteraturgjennomgangen også teiknar eit bilete av kunnskapsgrunnlaget for oppfølging av unge med barnevernserfaring, slik dette ser ut i Norge i dag.

Vi vil også avslutningsvis tematisere at denne framstillinga tidvis har blitt noko problemorientert, ikkje minst i vektlegginga av det som nokre gongar blir omtalt som systemsvikt i overgangen. Dette står i kontrast til at vi under erfaringsseminaret let oss imponere og inspirere både av dei tilsette sitt engasjement for målgruppa, kreativitet i utforming av tiltak og ikkje minst den kunnskapen som blei spegla i dei mange gode refleksjonane kring arbeidet med ettervern og oppfølging av unge i alderen 18-23 år med barnevernserfaring. Vi meiner også at mange av evalueringane vi har skildra i denne gjennomgangen identifiserer godt arbeid med målgruppa, og at det er grunn til å halde fram utforskinga av det gode sosialfaglege oppfølgingsarbeidet kring unge med barnevernserfaring. Håpet vårt er at slik utforsking ikkje berre skal finne stad på kontora til ulike forskarar, men at det også får bli del av det daglege arbeidet i kommunane tvers over heile landet.

Lenke til kunnskapsoppsummeringen finner du HER